Stundom kan kjensla av enkelte sekund henge ved i timevis. Desse aller beste sekunda som er så vakre, fortryllande, oppvakande eller spennande at me ynskjer dei evigvarande. Men sjølv dei beste augneblikka falmar og forsvinn. Fotografiet hjelper oss å halde på eit utval, om enn berre vagt erindre. Resten får vere opp til minnet.
Eg hadde glemt denne bloggen. Glad eg kom på den igjen!
For noen fine turtelduer!
Så kjekt at du kom på den igjen, ja! Eg prøvar å oppdatere i ny og ne, innimellom den travle skulekvardagen. Kjekt om du besøker av og til:)